Behov for samla vurdering av småvassdrag

Dette var tittelen på eit foredrag Øystein Folden, leiar av Naturvernforbundet i Møre og Romsdal heldt på eit innhaldsrikt og vellukka seminar om småkraftverk torsdag denne uka. – Når vi skal ta vare på vassdrag og samstundes bruke nokre vassdrag til kraftproduksjon, må vi som samfunn sortere dei så vi får optimale løysinger, sa Folden.

– Skal dei ivrigaste grunneigarane velge kva vassdrag som forsvinn og kva som blir igjen til andre føremål? spurde Folden. Ikkje overraskande meinte han at dette var ei dårleg løysing og la i foredraget sitt fram gode argument for kvifor ei samla vurdering av dei små vassddraga er klokt og naudsynt.

På programmet stod mellom anna rettleiing for fylkesvise planar, røynsler småkraftutbygging, miljøutgreiinger i samband med slik utbygging og verknader på naturen.

Seminaret gjekk i regi av Forum for natur og friluftsliv (FNF) i Nord-Trøndelag, Fylkesmannen i Nord-Trøndelag og fylkeskommunen i Nord-Trøndelag og var lagt til Steinkjer.

Sjå Øystein Folden sin presentasjon

Sjå programmet for seminaret i Steinkjer 23.11.2006

Liste over dei som medverka, tema for foredraga og lenkjer til foredraga

Tidlegare, relaterte saker:
21.11.2006 Norges Naturvernforbund støttar fylkesvise planar for småkraftverk
15.11.2006 Naturvernforbundet og småkrafta
14.10.2006 Ny brosjyre om småkraft
31.07.2006 Notat: Innspel til arbeidet med fylkesdelplanar for småkraft
21.01.2006 Miljøvennlig småkraft – en myte?
24.11.2005 Småkraft – den nye trusselen mot norsk vassdragsnatur
12.06.2005 Sogn og Fjordane: Kravde betre styring med småkraftverk La naturen gå i arv! Bli medlem i Norges Naturvernforbund!

Brev frå Olje- og energidepartementet om fylkesvise planar