Behov for stille område

Naturvernforbundet har ved fleire høve tatt opp spørsmålet som går på behov for ei avklaring kring stille og ikkje tilrettelagde område for friluftslivet i Tingvoll kommune. Naturvernforbundet ber no om at Tingvoll kommune identifiserar stille og lite tilrettelagde areal innan kommunen, slik at desse areala kan halde fram med å ha nettopp denne kvaliteten.

Naturvernforbundet tek i fråsegna si opp nokre konkrete område som bør vere aktuelle:

Områda som har eit visst potensial ser ut til å vere:

1. Viddalen frå noko vest for Havdalssetra

2. Torsknyken-Durmålhaugen

3. Platået mellom Høgheia og Kirkeberget

4. Område over 200 moh frå noko vest for Norskå til Svinesnebba.

5. Område mellom Nordbøsetra, Kamsvågfjellet og Skarven.

Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Tingvoll og har telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Les fråsegna frå Naturvernforbundet i Tingvoll