Behov

Viss ein forvekslar lyst og behov kan ein gjere mykje gale. Naturvernforbundet vil gjerne rydde opp litt når det gjeld behov.

Lesarbrev sendt avisane 20.3.2024:

Kven sine behov?

Nokon trur dei har oppfatta at vi treng meir straum. Difor må vi skunde oss å bygge ut det vi har av fjell og elv, for å dekke vårt behov.

Behov for vatn og luft er noko vi skjønar. Får vi for lite av det, har vi behov for meir. Får vi for mykje av det, blir det ofte eit problem. Akkurat passe er i grunnen det beste. Slik er det når vi ser på det mest naudsynte behovet vi har.

Når vi talar om pengar, så har vi også behov. Viss vi får så mykje pengar vi treng, så vil vi framleis ha ei kjensle av å ha behov for meir. Jo meir pengar vi får fatt på, jo større behov for endå meir, trur vi.

Dei siste åra har vi vore tuta øyra fulle med at vi har behov for masse meir straum. Vi har eit BEHOV. Har vi det?

Ein kvar med ein ide og nokre pengar kan melde inn sitt behov for straum i framtida. Det blir ikkje spurd etter om det er nyttig eller naudsynt behov. Slik kan Bitcoin, TikTok, datasentre, produsentar av batteri og hydrogen og kva det skal vere melde inn sine behov. Det grøne skiftet, der ny industri går på fornybar kraft, blir det vist til. Det er berre å stille seg i straumkøa, så blir det til alle, etter kvart. Vi har jo behov og då må det jo bli.

Det blir ikkje spurd etter om straumen finst. Det blir ikkje spurd etter kva straumen skal brukast til. Nettselskapa har å ordne kraftliner  så straumen kan fraktast. Produksjon av straum er det ingen som har plikt til, men dei som har straum kan alltids skru opp prisen. På den måten er det at nokon kjem på at dei kan lage meir straum – og då har dei behov for heile fjell.

Er det slik at Bitcoin sine behov bestemmer at vi må bygge vindkraftverk på fjella våre? Det er ikkje dei som gjerne vil tene pengar på å bruke straum som skal bestemme vårt behov for å bygge ned naturen. Det er faktisk naturen som bestemmer kva for behov vi kan tillate oss å ha. Då er det sjølvsagt surt for oss å oppdage at nokon føre oss har gjeve seg sjølve løyve til å ha vel store behov som dei har gjeve etter for, slik at det ikkje er så mykje igjen til oss. Endå verre blir det med dei som kjem etter oss når dei skal fylle sine behov og oppdagar at vi har bruka opp alt.

Øystein Folden Fylkessekretær, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.