Beklagar til Setergrytå

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Driva fortel at Setergrytå kraftverk snart vil bli bygd, omtrent heilt utan motstand. Naturvernforbundet vil gjerne fortelje litt om det som ikkje sto i avisa om denne saka.

Den første søknaden på Setergrytå kraftverk blei handsama i 2004. Det var ganske tidleg i perioden med massevis av søknader om småkraftverk. Sjølv om det ikkje var så ille som under dei store kraftutbyggingane si tid to-tre tiår føreut, var det mykje som ikkje var heilt på stell i det vi passerte tusenårsskiftet.

På denne tida tok Naturvernforbundet dei biologiske undersøkingane som sanninga. Vi trudde desse undersøkingane var gode nok. Vi har lært litt meir med åra. Den undersøkinga som blei gjort langs Setergrytå reknar vi no som svært mangelfull. Same kartleggar var brukt til fleire andre kraftverk i området i 2005 – 2007. Saker der biologar fann ein del meir – viktige artar var oversett. Kartlegginga var spesielt dårleg når det gjeld lav og mosar.

I 2004 utfordra vi Surnadal kommune til å gå gjennom vassdraga sine og sortere dei i tre grupper, raudt, gult og grønt, ut frå kva vassdrag det var mest om å gjere å spare, og kva som kunne byggast ut utan store tap av biologisk mangfald. Den utfordring tok kommunen ikkje. Kommunen har i staden praktisert bit for bit-politikk, der ein til slutt vil sitje att med eit småvassdrag eller to som ein finn å måtte ta vare på. Ikkje fordi dei er dei mest verdifulle, men rett og slett fordi det er det som er igjen.

Sidan det ikkje blei bygd noko kraftverk i Setergrytå, må søkjar ha bedt om forlenging av utbyggingsfrist nokre gongar i denne saka. I 2013 blei det også søkt om endring av utbyggingsløysinga. Endringssøknaden blei sendt på ei avgrensa høyring. Naturvernforbundet var mellom dei som fekk saka til uttale. Endringssøknaden blei presentert som redusert reguleringshøgde med 2,5 meter i Setergrytvatnet og auka restvassføring, tiltak som omtrent alltid er positivt for naturen langs vassdraget. I ei tid då vi bruka 800 dugnadstimar på småkraftsaker årleg i Møre og Romsdal, blei det ikkje til at vi såg meir på denne saka. Det var nok ein feil. Nye løysingar teknisk førte til ny vurdering av utbygginga. Nye krav til kartlegging og nye raudlister burde ha ført til ei heilt ny biologisk kartlegging i alle fall.

Det blei gjort ei ny vurdering av påverkinga av det biologiske mangfaldet. Det nye firmaet som var henta inn til den jobben gjekk nok ut frå at rapporten frå 2004 var grei, så den blei lagt til grunn. Med redusert oppdemming og auka minstevassføring, var det klart at endringa var positiv.

Kva veit vi om den naturen som vil bli påverka av denne utbygginga? Omtrent ingenting i følgje dei kartdatabasane som blir brukt i slike saker. I 2020 er sakshandsaming basert på kunnskap og ikkje på tru, liker vi å meine. I denne saka veit vi lite, og då er det dess meir tru som gjeld. Trua på at det ikkje er noko i Setergrytå, sjølv om ingen eigentleg har undersøkt. Å la vere å undersøke for på den måten å unngå at ein får vite om noko ein må ta omsyn til, er faktisk ikkje greitt.

Det skal seiast at det er kommunen og NVE som har ansvaret for å kontrollere at dette blir greitt. Det bør ikkje vere nødvendig at Naturvernforbundet ser desse to over skuldrane. Men her gjekk det gale. Vi må berre seie beklagar til naturen langs Setergrytå at vi ikkje har passa på betre.

 

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal