Berre 25%

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Skorpa Eiendom vil omregulere berre 25% av Skorpa, og då gjer det ikkje noko. Trur dei. Kva om ein omregulerer 25% av stadion eller av skuleplassen? Eller 25% av breidda på innfartsvegen inn til byen? Det gjer vel ikkje noko det heller då, sidan det er heile 75% igjen? Men med natur er dette heilt greitt? Er det ikkje underleg?

Skal ein kjøpe noko i butikken og berre har 75 kroner når det er spørsmål etter 100 blir det vanlegvis ingen handel. Akkurat nok og akkurat for lite kan sjå ut som ein bagatellmessig skilnad. Men ein høgdehoppar som akkurat kjem over lista blir verdsmeister og han som akkurat ikkje kjem over blir ofte sett på som tapar. Er det ikkje underleg? Nordmøringar veit godt at akkurat å nå ferja og akkurat ikkje å nå ferja er eit liknande tilfelle. Skorpa har akkurat nok naturverdiar i dag. Tar ein litt av dette blir det for lite igjen.

Skorpa Eiendom har som hovudsak å få avkastning på kapitalen sin. Skal ein legge seg flat for alle som ønskjer å tene pengar vil i alle fall naturen tape. Politikarar må lære seg å kunne seie nei til slike krefter ein del gongar, og bør vise at dei ikkje berre klappar for utbyggarar som tenkjer mest på seg sjølve. Skorpa Eiendom tok ein stor sjanse då dei kjøpte eit naturareal for utbyggingspris. Tar ein slike sjanser må ein ta konsekvensen av det. Om dei no får problem med å betale rekningane sine med meir enn 75% så har dei ikkje fortent betre.

Øystein Folden leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal