Betre drikkevatn krev betre løysingar

Naturvernforbundet har forslag til fleire forbetringar når det gjeld drikkevatn frå Dinglavatnet.

Ny drikkevassløysing krev uttak av stein. Naturvernforbundet spør om denne steinen kan takast ut under framtidig vassline, i staden for å lage sår i fjella rundt.

I samband med dette prosjektet skulle naturmangfaldet kartleggast og skildrast. Norconsult har ikkje funne noko. Naturvernforbundet har med enkle undersøkingar påvist at det finst raudlisteartar som alt er registrert i aktuelt område, og ber om at dette blir gjort på nytt.

Elles er spreiing av framande artar stadig eit aktuelt tema. Slike har ein tendens til å bli med maskinar og verksemd. Kva vil kommunen gjere med dei?

Heile fråsegna kan du lese nedanfor.