– Betre kontroll med småkraftutbyggingar er nødvendig

NVE varslar at det kan bli aktuelt med tvangsmulkt etter synfaring på anlegget til Gyl kraft.

Den detaljplanen som er godkjent for Gyl kraftverk gjeld anleggsveg, medan resten treng godkjent detaljplan før arbeidet kan ta til. Likevel har kraftverket starta anleggsarbeidet. Gyl kraftverk mangla ved synfaringa 23. mai 2007 godkjende detaljplanar for dam, kraftverk og røyrtype/leggemetode. erreng og vegetasjon utanfor godkjende arealer var prega av anleggsarbeidet nærast dammen Etter at Naturvernforbundet tok opp denne saka, har utbyggar i avisene i etterkant av synfaringa uttrykt at avvika som blei påvist var små og uproblematiske. – Når ein ser på kva NVE seier om saka må ein undre seg over kva som då skal til før noko blir meir alvorleg, meiner leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. – Når det er tale om næringar i stor vekst, aukande kostnadsnivå og ein kontrollinstans langt vekke, då let ein del seg freiste til å ta ein del innersvingar, slik som ved utbygginga av Gyl kraftverk. Ei næring som tar så lett på dette må kontrollerast mykje meir, meiner Folden. Naturvernforbundet vil no be NVE om oversyn når det gjeld oppfølgingsrutiner knytt til småkraftverkutbyggingane i fylket. Folden peikar også på at småkraftnæringa forsøker å framstå som «reine». – Ei næring som ønskjer å stå fram som utbyggarar av miljøvennleg kraft må i alle fall setje høge krav til dei miljømessige sidene i anleggsdrifta. Dei miljøverdiane som går tapt i samband med vasskraftutbygging er meir enn store nok elles, meiner Naturvernforbundet.

For meir informasjon kan leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet kontaktast på telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

NVE sin rapport frå synfaringa 23. mai 2007