Billegare for busspassasjerar

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Det er godt nytt at busspassasjerar ikkje skal betale full pris gjennom Krifastbommen. Det skulle berre mangle.

Det siste året har Stortinget vedtatt at det skal vere lov å krevje inn avgift frå biltrafikken og bruke av det som kjem inn til å betre kollektivtrafikken. På den måten er det råd å lage eit godt kollektivtilbod som gjer at svært mange er tent med å la bilen stå og heller ta bussen.

Krifast har i utgangspunktet eit hakkande vilt opplegg der ein ikkje får premie for å ta buss eller fylle opp bilane med folk. Ved kjøp av verdikort for bil oppnår ein stor rabatt, ein rabatt som busspassasjerar ikkje har kunna få til no. Difor er det på tide at busspassasjerane får minst 50% rabatt. For miljøet sin del er det berre å klemme til med fritak for busspassasjerane.

Men det er meir som må gjerast. Sjølv om busstilbodet frå Krifast mot byane etter kvar er eit bra tilbod vil det vere behov for ei betring, særleg i den tida på dagen då mange skal til og frå jobb. Då bør det vere mogleg å køyre fleire bussar enn kvar time.

Problemet ligg i stor grad med buss austafrå til Krifast. For mange er det godt tilbod eine vegen, men det hjelper jo lite når det er vanskeleg den andre. Løyser ein dette med å bruke bilen så er det eit strev å få sett frå seg bilen på Krifast. Får ein ikkje til eit vesentleg betre busstilbod så må det bli ein del meir parkeringsplass på Krifast. Parkering i skogen eller i snøfonnene som det blir om vinteren er ikkje bra nok tilbod.

Naturvernforbundet tok opp dei manglande parkeringsplassane med Statens vegvesen første gong 29.10.2005. Nytt brev blei sendt 18.12.2006. Svar er det dårleg med. Vi har og vore innom Statens vegvesen sitt kontor for å spørje etter saka. Ein gong skulda dei på eit kloakkrøyr. Andre gongen fekk vi ikkje møte sakshandsamar, men ein tilsett sa at viss det blei eit problem med mange parkerte bilar så fekk ein taue dei bort.

Politikarar talar om klimatiltak, men slike praktiske grep har dei gløymt å gjere noko med. Kva ein skal seie om vegstyresmaktene i denne saka er det kanskje best å ikkje setje ord på.

Om eit år skal det vere val. Politikarar som gjerne vil bli valde på ei miljøsak har ei dei kan arbeide med her. Sjølv om redusert passasjeravgift og ein parkeringsplass er eit mindre monument enn ein undersjøisk tunnel, så er kostnaden mykje mindre og miljøverknaden mykje betre. Den betaler seg i form av betre miljø og fleire passasjerar på bussen.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Ja, dette er ein viktig sak! Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen