Biloppsamlingsplass – Myklebostad i Vistdal i Nesset

Epost til Møre og Romsdal fylke.

Eg har fått eit tips om at det er ein biloppsamlingsplass på Myklebostad i Vistdal i Nesset som kan vere noko utanom boka med omsyn til utslepp. Eg har fått opplyst at det skal ha vore ein sak på Myklebostad bildemontering i Vistdal i Nesset tidleg på 1990-talet. Kva status har fylket for den gamle saka og for dette firmaet no? Eg finn området på flyfoto knytt til GISlink. Veit du kva tid det er frå?   Med helsing   Øystein Folden Naturvernforbundet i Møre og Romsdal