Bli med på Miljøfestivalen til Naturvernforbundet!

Kanopadling, kraftlinjer, klimaendringar og klatrekurs. Bli med på Naturvernforbundets miljøfestival ved den idylliske Standalshytta, rett ved Ørsta i Møre og Romsdal, siste helga i juni!

Miljøfestivalen er ei blanding av friluftsliv og miljøpolitikk. Det er sett av tid til turar i Sunnmørsalpane, det blir kurs i miljøvennleg småbarnsstell og det blir store og viktige debattar om energiforsyninga i framtida – midt i eit område med eit mykje omtala kraftunderskot og planar om monsterkraftlinjer rundt hytteveggen.

Nokre høgdepunkt frå programmet:

* Våre systerorganisasjonar i Sverige og Danmark har åtte til ti gangar så mange medlemmer som Naturvernforbundet. Kva har dei gjort rett?

* Risikerer vi nok ein runde med vasskraftutbygging?

* Kva kan bli dei faktiske konsekvensane av klimaendringane? Hør klimaforskar Idar Barstad frå Bjerknessenteret

* Korleis jobbar vi med energi- og klimaspørsmål i lokallaga, og kva skal vi gjere opp mot neste års klimatoppmøte i København?

* Nylig pensjonert biskop Odd Bondevik snakkar om rett og gale i miljøkampen

* NNV-leiar Lars Haltbrekken i samtale med statssekretær Erik Lahnstein (Sp, Samferdselsdepartementet) om miljøpolitikken framover.

*Og som sagt, tid til tur og friluftsliv! *

(og for dei som var på sist miljøfestival: Vi har fått den same kokken som den gang 🙂

Spørsmål og meir informasjon:

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal:Øystein Solevåg, 40234705 / oystein(a)bergfald.no

Norges Naturvernforbund: Steinar Alsos, 23109615 / 91831193 / sa(a)naturvern.no

Påmelding og betaling:

www.deltager.no/miljofestival

*NB *

Dersom du har spesielle behov, til dømes allergiar og liknande som vi bør vite om, er det fint om du seier frå til Øystein eller Steinar om dette. Dette gjeld også om de har med born, dei er gratis men vi treng vite kor mange som kjem totalt.

Velkommen!

Fullstendig program for miljøfestivalen (NB! endringar kan skje):

Fredag 27. juni:

1630 Opning av Miljøfestivalen

1630-1745: Energisituasjonen, klima og utbyggingspress

Statnett om prognosane for energibruken i Noreg – Jan Bråthen

– Kommentar frå Naturvernforbundet

– Debatt

1800 Vasskraftutbygging i nytt lys?

– Opprusting av eksisterande vasskraftanlegg – kva er det? Kjell Erik Stensby, NVE

– Rauma: Verna vassdrag med planar om ny utbygging. Sturla Steinsvik, Romsdal pumpekraftverk

– Ny vasskraftutbygging – Naturvernforbundet skal vere på vakt! Per Flatberg, Naturvernforbundet

– Debatt

Samstundes er det kanopadling for dei yngre, deretter mat.

1930: Middag for vaksne

2030: Kveldssamling

Miljøpolitikken framover – Lars Haltbrekken (leiar i Naturvernforbundet) og Erik Lahnstein (SP, statssekretær i samferdselsdepartementet)

Programleiar: Tone Skau Jonassen (nestleiar i Naturvernforbundet.

Laurdag 28. juni:

0700 – 0900: Frukost

0930 – 1130: Kraftlinjedebatt

Innleiing: Statnett – Tor Inge Akselsen

1) Status for Ørskog-Fardal

2) Status for Midt-Norge

3) Moglegheiter for ny teknologi for kabling

4) Framtidige flaskehalsar i linjenettet

Kommentarrunde – paneldebatt

– Naturvernforbundet: Kva meiner vi om linja og om energisituasjonen i Midt-Noreg (Øystein Folden, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal)

– Klaus Rasmussen – status Hardanger og ny teknologi – strategien vår i forhold til «supernettet» (ikkje stadfesta)

– Edel Ellingsen (Troms) – nye flaskehalser i Nord-Norge

1130: Lunsj

1230: Parallelt program:

– Kurs i miljøvennlig småbarnsstell – Mari Melbø Rødstøl

– Klatrekurs – Einar Wilhelmsen/Ola Rise

– Botanisering – Øystein Folden m.fl.

– Tur på eigenhand

1500: Konsekvensane av klimaendringane

Konsekvensar av klimaendringar v/Idar Barstad, Bjerknessenteret

Pause

1600: Systerorganisasjonane i Norden – kva har dei gjort rett?

I Danmark og Sverige har miljøvernorganisasjonane ti gonger så mange medlemmar som oss. Kva har de gjort rett? De nordiske gjestene våre er utfordra til å skryte.

1630 – 1730: Korleis jobbar vi med klima i lokal- og fylkeslaga i Naturvernforbundet?

Paneldiskusjon:

– Klimaarbeidet i lokallag – kva har vi lyst til å gjøre? Representant frå eit NNV-lokallag

– Lokallaga i Naturvernforbundet skal til København i 2009 – kvifor? Bård Lahn, Naturvernforbundet

– Norges største kraftverk: Hanne Gro Korsvold, prosjektkoordinator, NNV

Ordstyrar: Gøril Andreassen

1800: Middag for de minste, mellommåltid for de andre

1930 – 2045: Rett og gale i miljøkampen. Nylig pensjonert biskop i Møre, Odd Bondevik, om miljø og etikk

2100: Festivalmiddag

Søndag 29. juni:

0800 – 1000: Frukost

1000: Ut på tur

– synfaring på småkraftverk i Hjørundfjorden

– energisparing i praksis

– ut og opp

Praktisk informasjon

Standalshytta tilhøyrer Aalesunds Skiklub, og ho er ein del av hyttenettet til DNT. Det er totalt 63 sengeplassar, men det er også mogleg å overnatte i telt ved hytta.

Deltakinga på Miljøfestivalen kostar:

– Telt kr 200 pr vaksen

– Inne i Standalshytta kr 600 pr vaksen

Dette inkluderer måltida. Barn under 12 år er gratis, men vi treng påmelding for desse også for å ha oversikt over kor mange vi blir.

Påmelding og betaling på www.deltager.no/miljofestival

NB Det går førebels ikkje å melda på born på denne sida. Så viss du tek med born, er det fint om du sender ein epost til Øystein Solevåg (oystein(a)bergfald.no) eller Steinar Alsos (sa(a)naturvern.no)

NB2! For dei som betalar når dei kjem blir det 100 kroner dyrare.

Reiserute:

Standalshytta ligg langs vegen over Standalseidet, mellom Ørsta og Hjørundfjorden. Det er diverre ikkje bussruter over Standalseidet, men arrangørane organiserer henting på Storestandal, Festøya eller Ørsta.

Tog og buss:

Frå Oslo og Trondheim kan ein ta tog til Åndalsnes og buss til Ålesund og Ørsta. Det går buss Oslo – Ørsta og Bergen – Ørsta – Ålesund.

Frå Oslo:

E6 nordover til Otta, riksveg 15 til Nordfjordeid og E39 til Ørsta. Ferje mellom Folkestad og Volda. Eit alternativ kan vere å ta av i Hornindal, køyre Norangsdalen og kome med ferga frå Leknes til Storestandal.

Frå Bergen:

E39 nordover. Ferje frå Oppedal til Lavik, frå Anda til Lote og frå Folkestad til Volda.

Frå Trondheim:

E39 sørover. Ferje frå Halsa til Kanestraum, frå Molde til Vestnes og frå Solavågen til Festøya.

Fergeruter og lokale bussruter finst på www.fjord1.no og på www.177mr.no.

Last ned invitasjon til Miljøfestivalen