Bli med på synfaring og ope møte om kraftlina i Ørsta!

Naturvernforbundet og Folkesaksjonen mot 420 kV luftlinje Ørskog – Fardal arrangerer synfaring og ope møte om kraftlina tysdag 29. august. Leiar Lars Haltbrekken i Norges Naturvernforbund, stortingsrepresentant Bjørn Jacobsen og ordførar Hans Olav Myklebust er mellom dei som er med.

Det er Naturvernforbundet og Folkeaksjonen mot 420 kV luftlinje Ørskog-Fardal som saman står som arrangørar denne dagen.

Programmet for dagen ser slik ut:

Kl. 14:30 Avreise Ålesund, Skateflukaia med hurtigbåt
Synfaring med båttur på Hjørundfjorden til Standal. Busstur over Standaleidet og inn i Romedalen. Kaffipause. Kjentmann: Kjetil Standal. Middag på Rekkedal Gjestegård.

Båt- og bussturen er open for inntil 25 personar og kostar 100 kr. Eventuell middag kjem i tillegg. Påmelding er nødvendig.

Kl. 1600: Synfaring i Romedalen

Kl. 1900: Bondalen Grendahus, OPE MØTE
1) Opning v/Inge Kolås og Øystein Solevåg
2) Kraftlina Ørskog – Fardal: Konsekvensar for Sunnmøre
Presentasjon av planane v/Øivind Rue og Magne Maurset, Statnett
Konsekvensar for miljøet v/Johnny Loen, Møre og Romsdal fylke
Konsekvensar for skogeigarane v/Thommas Engan, Allskog
Konsekvensar for reiselivet v/Bjarne Rekkedal, repr. lokalt reiseliv

3) Alternativ til kraftlina og behovet for ein ny kraftlinepolitikk
Innlegg v/Lars Haltbrekken, leiar i Norges Naturvernforbund
Kommentar v/Bjørn Jacobsen, stortingsrepresentant (SV)

4) Vidare arbeid med kraftlina Ørskog – Fardal
Innlegg v/Hans Olav Myklebust, ordførar i Ørsta
Innlegg v/Inge Kolås, Folkeaksjonen og Øystein Solevåg, Naturvernforbundet

Ca kl. 21:30 returbuss til Ørsta og Ålesund

Praktiske opplysningar:
Synfaringane på fjorden og med buss, samt middag, er ope for alle som melder seg på, men deltakarane må sjølve betale hurtigbåt og buss (100 kr) og middag.

Møtet er gratis og ope for alle.

Påmelding og meir informasjon:
Øystein Solevåg, telefon 40 23 47 05 eller epost: moreromsdal(a)naturvern.no

Inge Kolås, telefon 99 26 46 99 eller epost: post(a)ingekolas.no

Frist for påmelding: Fredag 25. august kl. 1200

Ja, dette er ein viktig sak! Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Last ned invitasjon