Bli med på tur!
I Tingvoll blir det utover vinteren og våren nokre skogsturar som liten og stor kan vere med på.
Vil du vere med på korte turar i naturen i nærområdet, har vi forslag til det i vinter og vår.
Når vi har tur på gang i løpet av helga, legg vi ut opplysningar om tid og stad på torsdag på Naturvernforbundet si lokallagsside. Dette fordi turen vil vere avhengig av veret, så det blir ikkje bestemt noko før.
Så kan dei som vil bli med møte turklare på staden som er nemnt.
I januar – mars vil vi gå i opent skogsterreng utanfor løype. Vi reknar med at nokre har turski og dermed kan trakke litt løype for dei andre. Tempoet blir svært roleg med stadige stopp der det blir spørsmål og svar om treslag og dyrespor og kva ein elles kan sjå i naturen
Dette blir korte turar, gjerne i kort avstand frå oppkøyrt løype slik at ein lett kan korte ned turen om ein har behov.