Blir torskeoppdrett like ille som lakseoppdrettet?

Fylkeskommunen tildeler no konsesjonar for torskeoppdrett. Mot råd frå Havforskningsinstituttet og Fiskeridirektoratet tar dei sjansar på at det skal gå godt. Konsekvensutgreiinga imponerte heller ikkje.

fiskoppdrettsanlegg

Etter nokre tiår med laksenæringa skulle ein tru at konsesjonsmynde har lært noko. Konsesjonen som kom i Volda nyleg tyder på at ein kjem til å gjere dei same feila for torsken. Både Havforskningsinstituttet og Fiskeridirektoratet peikar på problemstillingar knytt til at det er stor risiko for at torsk i oppdrettsposar vil påverke torsken på utsida. Når ein veit at oppdrettsnæringa driv avl og utval, så vil dette på noko sikt endre den ville torsken. Det har vi sett når det gjeld laks, og torsken vil vere endå meir utsett, sidan gytinga skjer i sjøen og ikkje ein lokal plass i elva. Naturvernforbundet har difor klaga på konsesjonen.