Bøn for Fugleøya i Kristiansund

Naturvernforbundet ber om at Fugleøya blir med i verneplanen for sjøfugl.

Naturvernforbundet har venta veldig lenge på at verneplan for sjøfugl i Møre og Romsdal skal bli vedtatt, og vi er visse på at sjøfuglane er endå meir utålmodige enn oss. Sjøfuglane har det ikkje særleg bra, og treng hjelp der dei kan få det.

Naturvernforbundet kjenner til at Kristiansund kommune driv eit voldsamt press for at Fugleøya i Kristiansund skal frigjevast til utbyggingsføremål framfor fuglefredning. Vi vil i det høvet peike på at dei biologiske kvalitetane knytt til Fugleøya er betydelege. Dessutan finst det ikkje areal der dei fuglane som bur der no kan flytte til om dei blir kasta ut. Alternative areal for oljebasar er det nok lettare å finne. Nabokommunane står visst klare om det skulle bli spørsmål.

Naturvernforbundet ber difor om at verneplanen blir vedtatt med det første, ogat Fugleøya i Kristiansund er med i det som blir vedtatt verna.