Bondelaget og vernereglar

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Bondelaget vil gjerne ha lempingar på vernereglar slik at det er råd å bygge småkraftverk i endå fleire elver, las vi i eit innlegg frå dei nyleg. Det er ikkje så store endringane som skal til, og det vil ha mykje å seie for fattige bønder som leiter etter fleire bein å stå på økonomisk, forstår vi.

Naturvernforbundet vil i så måte peike på at det er eit behov for vern av litt meir skog. Det er ikkje så store endringar som skal til, og det vil ha mykje å seie. I dag er under 2% av den produktive skogen verna, og alle er samde om at minimum 4,6% av den produktive skogen må vernast for at det biologiske mangfaldet skal vere der også i framtida.

Dei fleste verneområda har blitt til gjennom prosessar der eit større areal låg til grunn på basis av verneverdiane i området. Men så er arealet snaua ned litt her og litt der som følgje av ulike interesser, før vernevedtaket blei gjort. Såleis er det ofte at verneinteressene alt har levert frå seg betydelege areal.

Viss Bondelaget ønskjer å få ein debatt om justering av vernegrenser, kan vi då vente at det vil vere rom for å verne noko meir areal i ein del samanhengar også? Eller er det meininga at slike grensejusteringar berre skal gå i ei retning?

Øystein Folden
Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal