Bondevett og anna vett

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Bondevett og anna vett kan vere bra det. Når det gjeld vindturbinar så handlar denne saka mest om noko anna enn vett.

Gjennom mange år har NVE gitt sine konsesjonar til vindkraftanlegg utan at det har blitt noko av. Så har teknologien og ulike økonomiske stimulansar endra seg, slik at desse prosjekta har blitt interessante igjen.

I løpet av den tida som har gått er det også andre ting som har endra seg. T.d. kunnskapen om skadeverknader av slike anlegg på menneske og natur. Når ny teknologi er grunngjevinga for endringar og utbygging, så er det svært mange som opplever det urimeleg at ikkje også dei andre sidene av ei slik sak skal få kome fram i dei nye vurderingane. Det er det engasjementet i folket dreier seg om, ikkje vett av ymse slag.

Er det så lurt å bygge vindturbinar? Naturvernforbundet har til no ikkje sett noko slikt prosjekt som ser lurt ut i Møre og Romsdal. Når utbyggar tar utgangspunkt i å bruke fjellviddene eller område med mykje sjøfugl, så blir det krasj med ein gong. Men vi har lurt på om det kan vere mogleg å plassere ein og annan propell i kulturlandskapet. Kunne det vere aktuelt med ein slik propell eit par hundre meter frå løa til Arne Drøpping? Ein ganske liten ein?

Erling Rød satsar på at meir vasskraft er løysinga. Vi er visse på at sjølv Rød vil ha att nokre vassdrag som ikkje er lagde i røyr. Usemja går vel helst på kor mange. Når over 70% av vassdraga våre er bygde ut, så meiner Naturvernforbundet at det får vere nok.

Det finst ikkje nokon energiform som er miljøvennleg. All ny energiproduksjon går ut over naturen og det biologiske mangfaldet. Det er berre den energien vi sluttar å bruke som kan seiast å vere miljøvennleg energi. Vi bør bruke både bondevett og anna vett så vi kan redusere energibruken vår, slik at fotavtrykket vårt på denne kloden kan minke såpass at det blir plass til alle dei andre sine fotavtrykk også.

 

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal