– Brems utbygging av småkraft!

– No må regjeringa setje på bremsene og hindre at utbygging av små kraftverk får så stort omfang at umistelege naturverdiar går tapt, seier leiar Lars Haltbrekken i Norges Naturvernforbund.

Han viser til at regjeringa dei siste åra har lagt til rette for auka utbygging av småkraftverk. Med det har talet både på søknader og realiserte prosjekt skote i veret.

– Vert alle planane for småkraftverk realisert, vil det norske naturlandskapet bli endra dramatisk. Samstundes vil tapet av biologisk mangfald auka. Vassdragsnaturen i Noreg er nær unik i verda. Difor har vi òg eit serleg ansvar for å verne han, understrekar Haltbrekken.

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Direktoratet for naturforvaltning har utarbeidd retningsliner for fylkesvise planar for småkraftutbygging. Desse planane vil prioritere dei beste prosjekta. Men det vil ta eit par år før dei fylkesvise planane blir ferdige.

Landsmøtet til Norges Naturvernforbund drøfta dette problemet tidlegare i sommar og vedtok å krevje at NVE ikkje gir konsesjon til nye småkraftverk som ikkje inngår i ein fylkesvis plan eller kommunedelplan for vassdrag. Dette kravet er satt fram i eit brev til olje- og energiminister Odd Roger Enoksen og NVE.

– Vi kan ikkje risikere at styresmaktene gir konsesjon til ei rad småkraftverk som seinare viser seg å ikkje innfri kriteria i dei fylkesvise planane, avsluttar Haltbrekken.

Les brevet til olje- og energiministeren

Les relaterte saker:
Behov for samla vurdering av småvassdrag (med fleire nyttige lenkjer)
Subsidiering av småkraftverk og lavpris på miljøvurderinger

Ja, dette er ei viktig sak! Eg vil gjerne lese om korlies eg kan verte medlem eller på annan måte støtte arbeidet til Norges Naturvernforbund.

Fylgj natur- og miljøvernsakene – få gratis nyheitsbrev på e-post frå Norges Naturvernforbund

Fossesprøytsone – rettleiing frå Direktoratet for naturforvaltning

Bekkekløft og bergvegg – rettleiing frå Direktoratet for naturforvaltning