Bruer, tunnelar og innfartsvegar

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Kristian S. Aas

Prosjekta er mange for tida for å gjere noko med vegane i fylket. Men før ein talar for mykje om undersjøiske tunnelar, lange bruer og breie innfartsvegar, er det vel eit grunnleggande spørsmål som bør stillast. Kor mykje trafikk skal vi ha i framtida? Skal vi la prognosane basert på veksten til no vere det førande, eller er det andre omsyn som tel?

Naturvernforbundet meiner å ha høyrt at vi slepp ut veldig mykje meir av klimagassar enn det som er bra for framtida på kloden. Både kommunar og fylke har laga planar for å redusere desse utsleppa. Er det gløymt? Enkle overslag seier at utsleppa frå trafikken i dag må meir enn halverast innan ganske få år, og då er føresetnaden at resten av samfunnet må redusere endå meir. Det tyder nok i praksis at vi må halvere transporten vår samanlikna med no, og at mykje av persontrafikken i tillegg må skje kollektivt. Kva slag trafikkårer treng vi då?

Då kan ein vel legge vekk dei fleste fjordkryssingsprosjekta på ferjefri måte, for dei vil det ikkje vere råd å betale. I staden får ein arbeide vidare med ferjeløysingar som kan gi mindre utslepp enn dei ein har i dag. Slike løysingar finst. Når svært mange kjem til å reise kollektivt, så treng dei heller ikkje vente lenge på ferja, bussane kjem seg alltid med og rutetidene passer høveleg godt i saman.

Når mange fleire reiser kollektivt i staden for å bruke kvar sin bil, så er vel kapasiteten på innfartsvegane stort sett også løyst med vegane som finst i dag. Det er mogleg det vil vere bra å lage til kollektivfelt på utvalde stader. I tillegg er det ein god ide å fullføre verket med gangvegar og sykkelvegar der slikt manglar. Dei som går og syklar har låge utslepp, og bra for helsa skal det vere også.

At fylke og kommunar skal bruke så mykje arbeidskraft og pengar på å kome seg dit vi ikkje skal, det er i grunnen berre meiningslaust og korttenkt.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal