Bruk av gift i naturreservat er uheldig

Forvaltningsplanen for Todalsøran naturreservat har vore ute på høyring. Her er fjerning av framande artar eit tema. Naturvernforbundet er nøgd med det, men kritiske til bruk av sprøytemiddel som verkemiddel.

Pensling med glyfosat er nemnt som mogleg verkemiddel for fjerning av uønska artar. Denne metoden kan ikkje Naturvernforbundet skjøne er i samsvar med verneføremålet.

Lista over plantevernmiddel som har vore i bruk i meir enn 30 år utan å bli rekna som miljøskadeleg er ikkje særleg lang. I tur og orden forsvinn midla frå marknaden. Alt tyder på at det vil vere biverknader og restverknader også av glyfosat, og då kanskje særleg i samband med vatn. Glyfosat blir brukt mykje og det er viktig at dette stoffet ikkje blir brukt overalt.

Naturreservat bør vere mellom dei første stadene der ein ikkje bruker slike middel. Prinsippet om føre var bør vere god nok grunn til det.

Naturvernforbundet er fullstendig klar over at mekanisk arbeidsmetode krev meir arbeid, i alle fall tilsynelatande. Det må ein berre akseptere. Det er på høg tid at løyvingane knytt til verneområde blir auka monaleg, slik at skjøtsel kan gjennomførast på god måte. Viss ein samtidig kan gje lokale folk kompetanse til å gjere slikt arbeid, kan verknaden av vern for grunneigarar gå over frå noko negativt til noko positivt ved at det gir sysselsetjing også etter vern.

Med mekaniske åtgjerder vil ein snart kunne hindre desse vekstane å setje nye frø. Over noko tid vil ein og kunne ta hand om spreiing via rotskot. Det er mest tale om systematisk arbeid. Spiring av frø frå tidlegare må ein rekne med kan halde fram i årevis. Dei nemnte artane har venteleg ein frøbank i området og denne må ein rekne med vil spire no og då. Glyfosat tar ikkje livet av frø. Det må difor påreknast kontroll av områda fleire gonger for året i alle fall for å kunne gjere noko med nye spirer.

Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet


Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Fråsegna frå Naturvernforbundet

Fråsegn frå Nordmøre og Romsdal friluftsråd