Bruk av tropisk trevirke i ferjene til Fjord 1

Naturvernforbundet har lagt merke til at det har vore ein god del bruk av tropisk trevirke på ferjene til Fjord 1. Vi ber om å få vite om Fjord 1 offisielt har slutta å bruke desse materiala no.

Hogst av tropisk trevirke er ein av dei viktigaste årsakene til at regnskogen blir øydelagd. På ferjene til Fjord 1 har det vore ein god del bruk av tropisk trevirke, eit døme er M/F ”Ivar Aasen”.

Slik Naturvernforbundet ser det, bør Fjord 1 på eige initiativ fase ut all bruk av tropisk trevirke i konsernet. Det har ikkje lukkast Naturvernforbundet å finne informasjon om miljøpolitikken til Fjord 1 eller informasjon om kva miljøkrav selskapet stiller ved kjøp av varar og tenester.

Miljøinformasjonslova gir rett til innsyn i slike opplysningar. Naturvernforbundet ber no difor om å få vite meir om kva synet til Fjord 1 er på bruk av tropisk trevirke, både til sjøs og i bygg.

I og med at regjeringa no har varsla at staten skal fase ut all bruk av tropisk trevirke, reknar Naturvernforbundet elles med at Statens vegvesen vil ta inn dette som eit standardkrav i framtidige kjøp av ferje- og snøggbåttenester.

For meir informasjon kan leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet kontaktast på telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Brevet til Fjord1

Detaljar frå BF «Ivar Aasen»

Detaljar frå BF «Ivar Aasen»

Detaljar frå BF «Ivar Aasen»

Detaljar frå BF «Ivar Aasen»