Bruk av vasscooter i Giske kommune
Giske kommune har varsla oppstart med arbeid med ny forskrift for bruk av vasscooter. Naturvernforbundet har nokre merknader.
Naturvernforbundet peikar i si fråsegn på at Giske kommune bør vurdere omsynet til dei naturverdiane som er registrerte i kommunen, og at ei oversikt over desse bør komme tydeleg fram i den vidare prosessen fram mot ei forskrift.