Buss eller bil til Kristiansund?

Naturvernforbundet har sendt lesarinnlegg og spørsmål til Statens vegvesen om bussdekninga frå Averøy i samband med opninga av tunnel til Averøy.

Tunnel, parkering og klima

Samanhengen mellom det vi ser og det vi gjer er ikkje alltid så stor. Det er truleg menneskeleg. Tidlegare kunne ein setje den slags på konto dobbeltmoral eller noko slikt. No har evna vår til å gjennomføre ting auka så mykje at vi i tillegg treng ein katastrofekonto.

I Paris talar FN sitt klimapanel om at gjennomsnittstemperaturen kan auka med 3 grader i verda på 100 år, og mot polane opp mot det dobbelte. Vi veit ikkje om vi får fleire stormar, men det er sannsynleg at fleire av dei vi får kjem som orkanar. Havtemperaturen går opp nokre grader også, så orkanane blir til noko meir dei og. Mindre is om vinteren er det ein del som gler seg til, men ikkje dette.

Likevel er dette gløymt når folk set seg til teiknebrettet for å lage samferdselsløysingar for framtida. Det einaste som då gjeld er at alle som vil skal få kome til oss for å handle. Fortast mogleg. Einaste problemet er at det kostar pengar.

Om ei tid kjem det visst ein tunnel mellom Averøy og Kristiansund, heilt uavhengig av dei problema som er knytt til Freifjordtunnelen og tunnelane i Ålesundområdet. Kva verknader som blir av den veit vi ikkje alt om, men det er i alle fall noko som er sikkert:

– biltrafikken kjem til å auke (tiltak andre stader har ført til ei trafikkauke på nærare 40%)

– dei bilane som no står ved Bremsneskaia kjem til å bli ståande i Kristiansund sentrum

Rambøl Norge har laga parkeringspolitisk plan for Kristiansund. Plana er på høyring. Der står det mellom anna: ”Et godt kollektivtilbud alene er sjelden nok for å oppnå overføring av vesentlig trafikk fra individuelle til kollektive reiser. Om vesentlig trafikk skal kunne overføres til kollektive transportmidler kreves det at byen utvikles med konsentrasjoner av boliger og ervervsområder langs sterke kollektivakser, og at det legges restriksjoner på bruken av privat bil.”

I Kristiansund er det ikkje tale om å legge restriksjonar på bruken av privatbil, men tvert om auka tilrettelegging. Satsinga på kollektivaksar er heller ikkje spesielt synleg uttalt. Sidan same rapport seier at dei som køyrer bil handlar meir enn dei som tar buss, er det vel lite håp om politisk engasjement for kollektivtrafikken i Kristiansund.

Både London og Stockholm har laga bomringar slik at bilkøyring er dyrare og kollektivløyingar er rimelegare. Bomringen i Stockholm overlevde også ei folkerøysting om saka. Vinsten – eit betre sentrum – er stor nok til at fridomen i bilbruk må vike.

Fleire har etterlyst informasjon om gode busstilbod mellom Averøy og Kristiansund når tunnelen opnar. Det går i dag ca. 10 bussar i døgnet på strekninga Kårvåg-Kristiansund. Buss kvar time, noko tidlegare start og seinare slutt på dagen og noko lågare pris kan vere stimulerande for kollektivtrafikken. Betringa må vere på plass minst eit halvår før tunnelen opnar, så brukarane kan få godkjensla for bussen før bilen tar dei.

Trafikkprognosane seier at biltrafikken skal auka. Miljøet vårt seier at biltrafikken bør meir enn halverast. Vi treng politikarar som er villige til å sjå desse utfordringane, også på Nordmøre. Når får vi det? Til hausten?

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Øystein Folden har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet

Brevet til Statens vegvesen

Rv. 64 Atlanterhavstunnelen – Kollektivdekninga på Averøy etter Atlanterhavstunnelen