Byryddedag i Molde 7.mai
Vil du vere med å rydde i Molde by 7.mai?
Naturvernforbundet i Molde arrangerer for første gong byryddedag.
Møt opp kl 12.00 søndag 7.5. ved trappa på Plassen
Arrangementet er åpent. Alle, både store og små er velkomen til å bruke 2 timar denne dagen til å vere med på å hindre plast, og anna søppel frå bygatene, i å nå sjøen, seier Naturvernforbundet i Molde.
- Ta gjerne på ein refleksvest slik at du er synleg i trafikken.
- Vær kledd etter været
- Ta med hanskar dersom du har (Hold Norge-rent var tomme)
- Du får utdelt søppelsekkar på oppmøtestaden
- Du får «utdelt» eit område å gå i ved oppmøte
- Bli kjent med nokon du ikkje har snakka med før. Vi oppfordrar til å gå fleire saman. Molde er full av fine folk.
- Ta gjerne 2-3 bilete av det du finn i området du ryddar inn, og send til molde@naturvernforbundet.no som vi kan bruke på våre nettsider o.l. i ettertid
- Når du er ferdig å rydde leverer du sekken på oppmøteplassen – Plassen. Resultatet blir vegd
- Du treng ikkje vere medlem i Naturvernforbundet for å delta på byrydding, men vi blir sjølvsagt glade for alle som melder seg inn.
- Får du ikkje med deg denne ryddedagen? Da er det berre å følge med på nettsidene våre framover. Vi skal også delta på Strandryddeveke i september.
Følg med for praktisk informasjon her på nettsidene og på sosiale media (https://www.facebook.com/naturvernforbundetimolde).
Nasjonal byryddedag 2023
Hold Norge Rent inviterer til ein nasjonal ryddedugnad med mål om å fjerne søppel i byar og tettstader. Meir om den nasjonale dugnaden finn du på nettsidene til Hold Norge rent