Byryddedagen 2025
Bli med og rydd Molde by!

Naturvernforbundet i Molde, Miljøagentene i Molde, InnbyggerLaben Innom, Reclaim og Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal arrangerer byryddedag i Molde i 2025.
Bli med og rydd Molde sentrum !
- Møt opp på InnbyggerLaben Innom i Storgata kl 17.00
- Få utdelt søppelsekk og eit område å rydde
- Ta med eigne hanskar (du får låne hos oss dersom du ikkje har)
- Ta med refleksvest, vi skal rydde i delvis trafikkert område, og så skal vi vere synlege i bybildet
- Lever tilbake sekkane på InnbyggerLaben innan kl 19.00
- Det blir servert mat og drikke for dei som deltek
- Lik og del arrangementet på Facebook
Barn må rydde under tilsyn av vaksne.
Konkurranse
Det blir konkurranse også i år. Registrer deg, få utdelt eigne posar for sneip og snusposar, og plukk der du ryddar. Lever tilbake resultatet på InnbyggerLaben. Alt blir vegd slik at vi kan samanlikne resultatet frå 2024. Alle som er med i konkurransen blir med i trekninga av kinobillettar.
Miljøagentene i Molde
Miljøagentene i Molde kjem til å dykke etter avfall langs Sjøfronten. Her kan borna vere med og dra opp søppel som dykkarane finn.
Bruk av kunstig intelligens
Vi skal på byryddedagen i Molde også bruke appen PlastOPol i samarbeid med Reclaim. Målet er blant anna å fylle appen med data om kva type avfall vi har i sentrum som ligg nær sjø eller elv. Dette er bruk av kunstig intelligens for marint avfall, og ein effektiv registreringsmåte av plast. Er det f.eks. mogleg å avdekke kvar avfallet kjem frå? Dei som har lyst å prøve får tilgang til appen via QR-kodene under( sjå film om bruk av appen) eller på InnbyggerLaben 8.5. Her kan du lese meir om prosjektet Reclaim

Molde Røde kors er også med
Molde Røde kors samarbeider og tek ansvar for sikkerheita under aksjonen. Vips dei gjerne for innsatsen!


Oppfordring om å rydde
Alle skular, barnehagar og fleire bedrifter i Molde kommune er oppfordra til å rydde rundt eigne område, og til å delta på byryddedagen. Alle dei politiske partia i kommunestyret er oppfordra til å delta på ryddinga 8.5. Ordføraren stiller, stiller du?
Sparebank1 SMN støttar også prosjektet.
Ta vare på nærområdet
Dei aller fleste synest det er skremande med all plasten som har endt opp i havet, men korleis hamnar eigentleg søpla der? Forsøpling frå land er faktisk den største kjelda til forsøpling på strender, ved kysten eller i havet. Eit anna perspektiv er at når du blir kjent med nærområdet ditt, så ønskjer du å ta vare på det. Da blir du enda betre kjent med nærområdet ditt, og har kanskje lyst å ta enda betre vare på det. Byryddedagen er ein aktivitet der vi kan gjere ein felles dugnad for å ta vare på Molde by. Vi kan vere ueininge om andre saker, men likevel vere einige om at søppelrydding er viktig, seier leiar i lokallaget i Naturvernforbundet, Kristin Glæstad Vonheim. Det å samlast om ein felles positiv aktivitet, er ekstra viktig i ei tid med eit engasjert ordskifte kring andre spørsmål knytt til natur og miljø, seier ho. Klima- og miljøspørsmåla er komplekse, og da er det viktig at folk flest får tilrettelagt tiltak som kvar og ein kan bidra med. Byrydding er ein slik aktivitet, og elles ein fin måte å markere frigjeringsdagen.
Naturvernforbundet i Molde oppfordrar alle til å spre informasjon om arrangementet i sine nettverk, og at folk stiller opp.
Havet begynner i byen!
Byryddedagane
Hold Norge Rent inviterer til ein nasjonal ryddedugnad som har som mål å fjerne søppel i byar og tettstader. Byryddedagane arrangerast 8.-10. mai 2025!