Byryddedagen 2025
Vi arrangerer byryddedag i år også

InnbyggerLaben Innom, Naturvernforbundet i Molde, og Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal arrangerer byryddedag i Molde i 2025.
Bli med og rydd Molde sentrum !
Møt opp på InnbyggerLaben Innom i Storgata
Få utdelt søppelsekk.
Ta med eigne hanskar (du får låne hos oss dersom du ikkje har).
Bruk av kunstig intelligens
Vi skal på byryddedagen i Molde også bruke appen PlastOpol i samarbeid med Reclaim. Målet er blant anna å fylle appen med data om kva type avfall vi har i sentrum som ligg nær sjø eller elv. Dette er bruk av kunstig intelligens for marint avfall, og ein effektiv registreringsmåte av plast. Er det f.eks. mogleg å avdekke kvar avfallet kjem frå?
Her kan du lese meir om prosjektet Reclaim
Havet begynner i byen!
Byryddedagane
Hold Norge Rent inviterer til ein nasjonal ryddedugnad som har som mål å fjerne søppel i byar og tettstader. Byryddedagane arrangerast 8.-10. mai 2025!