Dag Jørund Lønning : føredrag om Jordboka 2 i Aasentunet måndag 8.april kl. 19-21

15.–16. mars vart Jordboka 2; lansert på Bryne med stor konferanse om naturnær og berekraftig matproduksjon. Dei som ikkje hadde høve til å reise dit, kan høyre forfattaren Dag Jørund Lønning fortelje om boka i Aasen-tunet måndag 8. april. Salen var full då han hadde tilsvarande foredrag om Jordboka I, så her er det lurt å sikre seg billett fort. Dag Jørund Lønning er professor i nyskaping og bygdeutvikling og rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB). Boka viser veg ut av forbrukarsamfunn og industrilandbruk, og inn i den naturnære, kompostmoderne framtida. Det blir høve til å kjøpe boka på tilbod, med signatur av forfattaren. Før Lønning slepp til, vil Jordvernforeninga i Møre og Romsdal informere om status for jordvernet og korleis vi kan hindre nedbygging av dyrkajord. Billett kr 100 Du kan kjøpe billett på eBillett eller i døra 1 time før arrangementet. Hugs og parkere nede på parkeringsplassen, om du ikkje er funksjonhindra og treng skyss til døra. Ta gjerne bussen eller samkøyr, då det fort vert fullt på parkeringsplassen! Arr.: Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal Bondelag, Jordvern Møre og Romsdal, Volda og Ørsta Bonde-og småbrukarlag, Framtiden i våre hender Søre Sunnmøre, Naturvernforbundet Ørsta Volda og engasjerte privatpersonar

                                                 Pressemeldinga om føredraget: 

                                    Dag Jørund Lønning til Aasen-tunet måndag 8. april:

                 Jordboka II– frå tradisjonelt til kompostmoderne

Jordboka II vart nyleg lansert på Bryne med stor konferanse om naturnær og berekraftig matproduksjon. Dei som ikkje hadde høve til å reise dit, kan høyre forfattaren Dag Jørund Lønning fortelje om boka i Aasen-tunet måndag 8. april. Salen var full då han hadde tilsvarande foredrag om Jordboka I, så her er det lurt å sikre seg billett fort!

Dag Jørund Lønning er professor i nyskaping og bygdeutvikling og rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling. Han har vorte kåra både til Årets Bygdeprofil og Årets Landbruksbloggar.

 

Den nye boka hans viser veg ut av forbrukarsamfunn og industrilandbruk, og inn i den naturnære, kompostmoderne framtida. Sjølv kallar han den ei historie i fire akter om menneske, jordbruk og natur.

-Me må inn i den kompostmoderne framtida, seier han. Tida då ressursar må sirkulera, då det meste må setjast saman på nytt. Ikkje minst vårt forhold til naturen. Me må gå frå å øydeleggja til å byggja natur. Eit tredje hamskifte ligg føre oss, held han fram. FN sitt klimapanel fortel at me må gjera større endringar på kort tid enn menneskeslekta nokosinne har gjort dersom denne planeten skal ha ei grøn framtid.

Komposten kan stå som symbol på det forhold me må oppnå både til den levande matjorda og resten av den ikkje-menneskelege verda. Å kompostera betyr å setja saman på nytt. Det er det me  no. No må fridomen til å øydeleggja natur setjast til side. I staden må me sirkulera og kompostera. Me må bygga opp att det me har rive ned. I  Jordboka II skriv Lønning om regenerativt jordbruk. -Å regenerera er å fornya. Dette er eit jordbruk som spelar på lag med og legg aktivt til rette for at naturen får fornya seg sjølv.

-Møtet er eit samarbeid mellom ulike lag, organisasjonar og privatpersonar som alle er opptekne av korleis vi kan produsere nok mat på ein berekraftig måte, seier Ingrid Opedal, som er initiativtakar til møtet saman med Even Øverbø.

 

Med på laget har dei fått Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen, Møre og Romsdal Bondelag, Volda Ørsta Bonde- og småbrukarlag, Jordvern Møre og Romsdal, Naturvernforbundet i Ørsta Volda og Framtiden i våre hender Søre Sunnmøre.  Dei er også takksame for annonsestøtte.

I samband med arrangementet blir det spesialtilbod på boka, med signatur av forfattaren.Jordboka 2:Jordboka II : nærare naturen : inn i det kompostmoderne / Dag Jørund Lønning, – Sirevåg : Nyskaping, 2019.– ISBN  9788299779616      Frå forlagsomtalen:  Myggen», skreiv Nietzsche, «susar rundt overtydd om at han er sentrum i universet, og at alt anna liv er til for hans del». Det gjer mennesket og. Men til skilnad frå myggen har mennesket makt til å påtvinga alle andre artar sitt perspektiv på verda.   Der har me gjort. Og difor kneler planeten.  Dette er boka om korleis forholdet mellom menneske og natur må endrast radikalt om dei som kjem etter oss skal få oppleva ei grøn og levande jord. Me treng definisjonar av natur som inkluderer oss og gir oss produktive, naturbyggjande roller. Ein kan øydeleggja det som ligg utanfor ein sjølv, ikkje det ein sjølv er del av.  Men finst det rom for mennesket i naturen? I jakta på svar tek forfattaren lesaren med på ei filosofisk og praktisk oppdagingsreise ned i den levande molda og inn i ideane si verd:  Frå Nietzsche sine frigjerande tankar, til høgproduktiv grønsakdyrking med naturen som gartnar. Frå roseplanting i kvist, til dans og karbonfangst. Frå kompostering som filosofi og praksis, til kva den vesle bakterien i molda kan læra oss om livet sitt viktigaste prinsipp.  Jordboka II viser korleis me alle kan finna våre produktive og meiningsfulle roller i dei enorme endringane menneska må og skal gjennom dei neste tiåra. Boka stakar opp kursen ut av industrilandbruk og forbrukarsamfunn – og inn i den naturnære, kompostmoderne framtida.      

Føredraget i møtekalenderen til Ivar Aasen-tunet

Kjøp billett på nettet! (100 NOK)

Om føredragshaldaren og forfattaren Dag Jørund Lønning

Eigenomtale frå nettsidene hass

Wikipedia – artikkel (nno)

Forfattaren sine nettsider:

Heimesida til bøkene

Forfattarbloggen

Boka i samkatalogen for biblioteka i UH-sektoren:

Jordboka II : nærare naturen : inn i det kompostmoderne / Dag Jørund Lønning. –                          Sirevåg : Nyskaping, 2019. – ISBN 9788299779616

Frå fjesboka (Facebook – FB):

Jordbok-sida (Jordboka 1-2) på FB

Føredraget si side (meld deg på, du og!)