Dam til snøproduksjon – det er ikkje dette som trengst

I samband med gondolprosjektet på Sulafjellet er det søkt om å lage ein dam for å kunne produsere snø. Når klimaet blir påverka slik at snøen uteblir, er det ikkje dette som er medisinen.

NVE har bede om fråsegn til søknad om å lage ein dam til snøproduksjon på Sulafjellet. Problemet er at snøen ikkje kjem tidsnok og i stor nok mengde til at ein kan stå alpint på Sulafjellet. Å løyse eit slikt problem med å endevende myr og bruke energi for å pumpe vatn er heilt feil medisin mot snømangel og klimaendringar.

Det er dessutan ein del natur i området som truleg trivst dårleg med at fjellet blir endra til å bli i Flakk-gruppen sitt bilete.

Naturvernforbundet rår til at damprosjektet ikkje blir gjennomført.

Brevet frå Naturvernforbundet kan du sjå nedanfor.

Biletet: Molværsvatnet med Rundehornet i bakgrunn. Foto: Øystein Folden