Dårleg kartlegging også i Sunndal

Nordmøre Torsk AS/Gadus Group har også søkt om torskeoppdrettskonsesjon i Sunndal kommune. Mange av problemstillingane frå dei andre søknadene i fylket går igjen også i denne saka. Mellom anna at det er svak eller heilt manglande kartlegging av det som finst i fjorden frå før.

Ein av Gadus Group sine mange søknader om konsesjon torskeoppdrett gjeld Sunndalsfjorden. Finst det korallar mellom Ballsneset og Almskåra? Fjorden er i alle fall trangare der, slik at det må vere ein del straum. Spørsmålet er ikkje tatt opp i søknaden. Kartlegging av andre artar i dette området er heller ikkje gjort i nokon grad. Når eit firma vil etablere så mange lokalitetar over så kort tid, er risikoen stor for at noko kan gå gale. Då er det dess viktigare at ting blir godt undersøkt. Med det kunnskapsgrunnlaget som ikkje finst i denne saka, bør dei som har mynde seie nei til søknaden.