Dei områda som ikkje nådde heilt opp

NVE la i 2019 fram Forslag til Nasjonal ramme for vindkraft. Kva med areal som nesten nådde opp?

I 2019 la NVE fram «Forslag til Nasjonal ramme for vindkraft». Det var eit godt stykke arbeid for tema som er lett å måle. Dess verre var det med tema som er mykje vanskelegare å måle. Som natur og friluftsliv. Det enda med ei krasjlanding og dokumentet blei aldri noko meir enn eit forslag. Nye søknader om vindkraft på land har etter dette vore noko som kan skje langt fram i tid.

No når det er konkrete rørsler med tanke på vindkraftanlegg på land, er det kanskje best å ta fram igjen rapporten. Fløystadfjellet og Kamsvågfjellet var ikkje med i aktuelt område på Nordmøre. På dei tema rapporten målte på var det mange område som t.d. har gunstigare vind.

Rapporten har ei kapittel omtrent bakerst om områda som nesten nådde opp. Der finn vi eit område som inneheld Moldemarka, fjellområde i Gjemnes og – ja nettopp – Fløystadfjellet og Kamsvågfjellet i Tingvoll. Kartet i denne artikkelen er henta derifrå.

Kva seier så rapporten om området i Tingvoll, Gjemnes og Molde? «Sammenlignet med de utpekte områdene er det dårlige produksjonsforhold for vindkraft i dette området. Det kan likevel være mulig å finne enkelte områder med gode produksjonsforhold og akseptable miljø- og samfunnsvirkninger, men letearealet er lite. På tross av gode nettforhold har derfor dette området blitt vurdert til å komme under grensen for utpeking

Denne rapporten er bygd opp slik at friluftsliv og naturomsyn er lite utgreidd og dermed veg lite i samla vurdering. Når desse to felta er utgreidd slik dei fortener, er området sannsynlegvis lite eigna for vindkraft.