Dei støar seg ikkje på spaden

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Det er nokre som ikkje støar seg på spaden for tida. Dei bygger vegar som det aldri er gjort før. På papiret. Og det er ikkje eit einaste problem som ikkje kan løysast. Bruene kan byggast lange nok til å rekke heilt over, tunnelane kan byggast trygge nok og sanneleg er det nokre som kan betale alt saman også.

Så er det nokre andre som skulle ha jobba, men dei ser vi lite til. Det ser ikkje ut til at dei støar seg på spaden ein gong, dei er berre forsvunne.  Det er dei som skal passe på oss slik at utsleppa våre blir reduserte og klimakatastrofa ikkje blir noko av. Det finst nokre planar rundt om som seier at biltrafikken skal reduserast. Korleis går det med dei prosjekta? Moldeordføraren er mest opptatt av at folk skal kunne køyre så mykje dei vil i to timar i staden for ein når dei først har betalt. Naturvernforbundet trudde vi no skulle gå inn i eit samfunn der både dei utan førarkort og dei med kunne ta bussen som går både titt og ofte og fører folk dit dei vil. Dessutan er det jo eit poeng med betre tilhøve for gåande og syklande. Det er ikkje for at folk skal setje seg i bilen. I Kristiansund er det nokre som fablar om tunnel under vågen og parkeringstunnel ved sidan av busstasjonen. Kva er målet med å fylle opp eit hol i fjellet med bilar viss ein kan ta bussen heimanfrå og gå av bussen rett utanfor der døra til parkeringsplassen er tenkt å vere? Ålesund er ikkje stort betre.

Når skal arbeidet med å redusere klimaverknadene av vår reiseverksemd til det halve eller under det ta til? Kanskje vi skal bruke opp olja først, bygge alle desse veganlegga og så tar vi fatt på oppgåva? Bruke opp alle ressursane og overlate bosshaugen og gjelda til dei som kjem etter oss? Eg kan sjå meg tilbake og vere stolt av mine foreldre og besteforeldre. Dei som kjem ein generasjon eller to etter oss, kan kome til å forbanne sine.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal