Demokrati, miljø og Long Island

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Tingvoll.

Tingvoll kommune har på nettsida si presentert saka om Langøya slik at det for dei som kan lese er råd å bli kloke. Naturvernforbundet i Tingvoll har også lest fylket si uttale til meldinga om oppstart av reguleringsarbeid. Prosjektet slik skissene no er vil ta frå ålmenta viktige rettar og er ikkje akseptable.

Viss Long Island AS sine planar blir realisert, skal det brukast meir pengar på dette prosjektet enn det elles blir brukt i kommunen på mange år. Når utbyggarane tykker det er merkeleg at kommunen krev meir enn skisser for å kunne godkjenne hovudtrekka i opplegget, då seier dette svært mykje om utbyggarane. Sjølv kongen og forsvaret må følgje prosedyrane i plan- og bygningslova.

Naturvernforbundet i Tingvoll trur at vi kan tilføre mellom anna slike prosjekter kvalitetar som er viktige for dei som bur i kommunen no og seinare. Når Simonsen inviterer nokre frå kommunen på tur til Langøya, slik at kommunen kan få eit raskt grunnlag for å gje lovnader om utbygging tilbake, liknar det ikkje så lite på eit forsøk på korrupsjon. Tingvoll kommune let seg heldigvis ikkje kjøpe, og dei offentleggjer det som rører seg i saka så vi alle kan få sjå. Slike saker skal ikkje avgjerast med fire epostar og ein båttur. Når vi får sjå slikt som dette, viser det kor viktig det er at det finst visse spelereglar i arealforvaltninga.

Elles var det interessant å høyre Dagfin Simonsen sitt foredrag på hyttekonferansen på Tingvoll. Vi merka oss spesielt det som blei sagt om at prosjektet var miljøvennleg og økologisk. Kva som er miljøvennleg og økologisk med å bruke kledning frå Paraguay veit ikkje vi. Ein transportide der kundane kjem med fly til Kvernberget og derifrå med hurtigbåt blir vanlegvis ikkje nemnt i positive ordelag i økologi- og miljøsamanheng. Det reparerer ingenting å lage botanisk hage med palmar som ein del av prosjektet. Prosjektet manglar totalt truverde når det gjeld økologi og miljø.

Skal Long Island ha noko for seg på Langøya i Tingvoll, er det nok berre å bruke nokre millionar til på planlegging. Då er det like greitt først som sist å hente inn økologar og biologar som kan tilføre prosjektet heilt vesentlege kvalitetar i denne retninga. Dette rådet frå Naturvernforbundet i Tingvoll er heilt gratis, faktura følgjer ikkje, sjølv om vi til no har arbeidd eit par dagar med saka.

Øystein Folden Leiar, Naturvernforbundet i Tingvoll