Den siste fiaskoen?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Det er fleire kommunar i fylket som drøymer, og dei drøymer visst om  Hemsedal, Geilo, Fagernes, Trysil, Bjorli og Oppdal, stader der vintersport har vore grunnlaget for at heile samfunnet har endra seg ganske mykje. Stranda held på med sitt prosjekt. Nesset har tala om Eikesdal i mange år, og i den seinare tida har Rauma kome med liknande for Isfjorden. Det er om å gjere å få ein god nok heis- og festfaktor til at ingen kan vere ved at dei ikkje drar dit.

Viss slike stader skal gå godt, må det til svært mange brukarar. Desse kjem nokon stad i frå. Kjem dei lokalt i frå, så tyder det at det ikkje er så mykje plass til noko anna. Altså ei form for einsretting. Det er det eine, store som tel, alt anna er ikkje liv laga. Er det eigentleg greitt?

Kjem dei ikkje lokalt i frå, ja så er trafikken til og frå eit tema. Nrk-trafikkmeldingar er jo ein stad der det ikkje er positivt å vere for ofte. Samferdsel er elles ein av dei store klimautfordringane. Når vi går laus på dei problema og skjermar nyttetransporten, så blir det slutt på å setje seg i bilen på veg til bustad nr. 2 for litt ski og afterski.

Same korleis vi ordnar oss, vil dette med klima bli noko som får verknad. Viss eit prosjekt som t.d. Isfjorden skal bli noko av, vil det føre til bygging og forbruk som er ganske stort, både under bygging og bruk. Om det er det som er det vanlege forbruksnivået, så vil klimaet vårt gå over i regnver om vinteren.

Vintersportsstader, slik vi kjenner Oppdal og Bjorli, er det ikkje plass til fleire av. Dei som vil starte no, kjem for seint. Det vil ikkje bli eit nytt prosjekt endå flottare enn det førre, men heller eit monument over at nokon ikkje skjøna at verda skulle ein annan veg for å overleve.

Eikesdal og Isfjorden har ikkje kome lenger med sine planar anna enn at dei framleis kan snu. Å satse på å bruke naturkvalitetar utan å bruke dei opp, med så lite anlegg som mogleg, og så mykje oppleving som mogleg, er venteleg ein mykje meir robust veg inn i ei framtid vi veit mindre om enn på lenge.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal