Den store klesbyttedagen

Laurdag 22. april 2023 er den store klesbyttedagen i Tingvoll, og mange andre stader.

Laurdag 22. april 2023 er det klesbyttedag og fikselaug i Tingvoll. Viss du har heile og pene klede du ikkje lenger brukar sjølv, kan du levere inn opptil 7 slike plagg og bytte til deg 7 andre plagg andre har levert inn. Dette skjer i Tingvoll bedehus (Rimstadkrysset). Innlevering skjer frå kl. 11.00. Frå kl. 12.00 slepp du inn i byttelokalet og kan velje etter kva som finst. Det er ope til 14.30.

I underetasjen på bedehuset er det frå kl. 11.00 mogleg å kjøpe seg kaffi og noko å biti i.

Frå kl. 11.00 er det også mogleg å delta på fikselaug i lokala til K M Fellingen, tidlegare Haugenbutikken. Dit kan du ta med klede som treng fiksing. Du må sjølv fikse dei, men det er gode hjelparar som kan lære bort ting du aldri ville ha tenkt på at du kunne få til.

Arrangørar: Naturvernforbundet i Tingvoll, Tingvoll Husflidslag og Tingvoll bedehus. I tillegg medverkar K M Fellingen.

Foto: Øystein Folden. Frå fikselauget i 2022.