Den vanskelege plasten : møte i Grønt forum Ørsta og Volda

Måndag kveld inviterer Grønt forum og Naturvernforbundet i Ørsta og Volda til foredrag om plastforsøpling og kva vi kan gjere med det. Frå Sunnmøre friluftsråd kjem Ann-Helen Hellevik og fortel om strandrydding. Frå Volda og Ørsta Reinhaldsverk kjem Ina Osdal Saure og snakkar om kjeldesortering av plast, kvifor og korleis.

Plastforsøpling er eit heitt tema. Vi hugsar alle kvalen på Sotra som for alvor opna augo våre for gigantproblemet med plast i havet. I ettertid har mange av oss gått langs strendene og rydda plast. Vi sorterer, men nyleg viste NRK-programmet Folkeopplysningen kor lite av det sorterte plastavfallet som faktisk vert materialgjenvunne. Andre oppslag fortalde oss at kostnaden med rydding av plast i havet er større enn nytten.
Men kva skal vi gjere då? Som forbrukar er det lett å misse motet. Hjelper strandryddeaksjonane våre? Nyttar kjeldesortering? Kan kjeldesortering redde klimaet?
Måndag 7. september inviterer Grønt forum til ope møte i Ivar Aasen-tunet om plast, der ein kan få svar på nokre av desse spørsmåla. Grønt forum er eit nettverk av organisasjonar og enkeltpersonar som på ulike måtar er opptekne av tema som natur, miljø og klima.
-Vi har invitert Ann Helen Hellevik, prosjektkoordinator for marin forsøpling i Sunnmøre friluftsråd, til å snakke om plastrydding langs i fjøra, fortel styremedlem Trude Nordal i Naturvernforbundet i Ørsta og Volda som er arrangør av møtet. -Ho vil sei litt generelt om plastforsøpling, om utfordringane med rydding, kva ein finn, og kvifor det er viktig å rydde. Hellevik har ein master i marine næringsmiddel, og har jobba med dette temaet i 22 år i Møreforsking.
Frå Volda Ørsta Reinhaldverk kjem kommunikasjonsansvarleg Ina Osdal Saure. Ho vil fortelje om kva som skjer med plastavfallet vi sorterer, kvifor det er viktig å halde fram med å sortere sjølv om ikkje alt fungerer godt nok i dag, og kva vi faktisk skal putte i plastsekken og kva som heller bør gå i restavfallet.
Av omsyn til smittevernet er det avgrensa tal på sitjeplassar i salen i Aasen-tunet. Arrangøren oppmodar difor dei som vil møte fram til å trykkje Skal på Facebookhendinga til Grønt forum, eventuelt å ringe (70 04 75 70)  eller sende epost (post(at)aasentunet.no)
til Ivar Aasen-tunet for å reservere plass og informere om ein er fleire frå same husstand som kan sitje i lag. Slik kan flest mogleg få plass på dette viktige møtet. 

Ingrid S. og Trude N.

P.S.: Ei god ballast for å førebu seg til møtet : Framtidsfredag // Resirkulering og plast i havet (fredag 04.09 kl 13.30-14-30)