Departementet gav Naturvernforbundet medhald om jervekvote

Klima- og miljødepartementet har to gongar på kort tid gjeve Naturvernforbundet medhald når det gjeld forvalting av jerv i jerveprioritert område i Møre og Romsdal.

Jerveprioritert område, eller forvaltingsområdet for jerv, i Møre og Romsdal omfattar Reinheimen,  Dovrefjell og ein del av Sunndalsfjella. Der er det eit mål at det er tre jerveynglingar i året. Det samsvarar med ein bestand på ca. 20 jerv. I dette området må eventuelle beitedyr tilpasse seg jerven sine behov, og det vil vere normalt med tap av beitedyr i dette området, noko ein må godta. I alle fall så lenge bestanden ikkje ligg over målet, skal det ein del til for å gi fellingsløyve i forvaltingsområdet.

Utanfor forvaltingsområdet er det beiteprioritert område. Der er terskelen for fellingsløyve tilsvarande låg.

Då rovviltnemnda i region 6 i vår vedtok lisenskvote på 2 jerv i forvaltingsområdet i Møre og Romsdal, så tok nemnda feil, har no departementet bestemt. Då Fylkesmannen i Møre og Romsdal i sommar gav skadefellingsløyve i forvaltingsområdet i Rauma, var det også feil, har departementet nyleg avgjort. Det er Naturvernforbundet som har fått medhald i klager på desse vedtaka.

 

Både rovviltnemnd og Fylkesmannen bør no lære seg denne enkle huskeregelen: Så lenge ein ikkje ligg over bestandsmålet for jerv i forvaltingsområdet i Møre og Romsdal, så er det ikkje aktuelt å gje lisenskvote eller skadefellingsløyve.