Der ingen skulle tru at nokon kunne be – Naturvernforbundet krev reguleringsplan
Fjord kommune har i eit brev til fylkeskommunen tatt til orde for at etableringa av kloster på Syltefjellet kan gjerast som ein dispensasjon frå arealdelen i kommuneplanen. Naturvernforbundet viser til store naturverdiar i området og ber om at det blir lagt opp til ein grundig prosess.
Naturvernforbundet krev:
– Naturen i området må kartleggast. Det gjeld både klostertomta, stisystemet i området og skogen i eit større område som følgje av at ein ser det er store naturverdiar knytt til skogen.
– Det skal takast utgangspunkt i at det i tillegg vil vere kloster og tilhøyrande verksemd, slik det er omtala av søkjar.
– Det skal takast utgangspunkt i eit besøkstal på minimum 50 000 personar i året.
– Full sakshandsaming for reguleringsplan.
Utan kartlegging veit ein for lite om naturverdiane i området, og då vil det vere umogleg å kunne vurdere om fordelane med dispensasjon er større enn ulempene.