Det blir seminar om kraftliner og kabling i februar
Tysdag 6. og onsdag 7. februar blir det kraftlineseminar i Øystese i Hardanger. Konferansen vil ha fokus på utviklinga av sentralnettet dei næraste åra. Kan meir bruk av kabel versus luftspenn vera ein del av ny sentralnettpolitikk?
Programmet vil gå over to dagar. Følgjande tema vil få fokus:
Samfunnsøkonomi, miljø, næring, politikk, krafthistorikk, nettfinansiering, teknologi, osv. Me satsar på oppmøte og innlegg frå NVE, OED, Statnett, stortingspolitikarar, UiB, NHO, LVK og mange fleire.
Kraftlineplanane i Hardanger, lenger nord på Vestlandet, i Setesdal og Trøndelag vil bli drøfta. Seminaret er eit viktig løft i arbeidet for å få kraftlina mellom Fardal i Sogn og Ørskog på Sunnmøre i kabel.
Det detaljerte programmet vil bli lagt ut rett over nyttår. Foreløpig er ein invitasjon tilgjengeleg.
Relevante dokumenter for kraftlina Fardal – Ørskog: