Det kan løne seg å bruke naturmangfaldlova

Når ein skal gjere noko i naturen, då må ein rekne med at ein skal gjere vurderingar etter naturmangfaldlova. Det har Tingvoll kommune gløymt. Dermed er vedtaket ugyldig.

Det er ei bru på Fløystadvegen det gjeld. Den gamle brua er nok frå den tida ein køyrde tømmer med hest, så ny bru er sikkert etterlengta. Bru blir det nok også.

Kommunen som vegeiagar har plikt til å drive vegdrifta si etter naturmangfaldlova. Når ein skal legge ein bit i ny trase blir det byggesak, og då skal også byggesaka vurderast etter naturmangfaldlova.

Kva slags natur er det på staden? Har vi mykje av denne typen natur, eller bør ein velje ei anna løysing for å berge noko som er litt sjeldant? Det er slike spørsmål som skal stillast før ein gjer vedtak. Men det har altså kommunen gløymt å gjere. Då har ein basert vedtaket på tru om at det ikkje gjer noko for naturen. Ein kommune skal ikkje basere seg på tru i slike spørsmål. Ein har ikkje fritaksgrunn om ein er økokommune. Vil ein ha saker smidig gjennom dei kommunale systema, så passer ein på at ein har dette med naturmangfaldlova i orden. Sidan dette mangla denne gongen, så har kommunen no fått ei klagesak.