Dette bør ikkje fylkesutvalet vedta

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Fylkesutvalet skal i møte 30.10. handsame saka ”Samarbeidsprosjekt vedrørande skogplanting i Møre og Romsdal”.

Samarbeidande aktørar i dette prosjektet er opplista å vere: politikarar, skogsstyremaktene i fylket og kommunane, skognæringane sine interesseorganisasjonar og skuleverket”.

Dei som ikkje er inviterte til dette samarbeidet er avislesarar og miljøvernarar.

I saksutgreiinga står det mellom anna: ”Auka skogreising i kystfylka vil i følgje Kystskogplana være den raskeste, billigaste og mest effektive CO2- bindinga ein kan gjere i norsk skogbruk i dag. Dette vil kunne gjerast utan skader på miljøet og vil i tillegg gje aukte framtidige næringspotensiale og auka råstoff for karbonnøytral energi (bioenergi).”

Utsegna er svært lettvinn og truleg usann. Blir det planta skog no samlar den CO2 i nokon grad først om 30 år. Så lenge har vi ikkje råd å vente. Dessutan kan det vere tvilsamt om auka skogreising i form av plantasjeskog gir ein slik CO2-binding. Raske omløp og skogsdrift som roter opp jordsmonnet kraftig kan like gjerne føre til ei frigjering av CO2. Plantasjeskog er dessutan svært skadeleg for det biologsike mangfaldet.

Utsegna ”Kystskogen bli øyde, både nærings-, biologisk og mangfoldsmessig, ved ikke å nyttas.” er eit anna døme på at her er det skogbruksfolket som har laga saksframlegg utan innblanding frå biologar og økologar. Utsegna kan vere rett når det gjeld næring, men er rett og slett løgn med omsyn til den biologiske og mangfaldsmessige delen av saka.

Naturvernforbundet som er mellom dei fylket har tenkt å vedta at dei ikkje skal samarbeide med vil berre nemne at hovudårsaka til kampen mot CO2-utslepp og eit varmare klima er at det vil føre til stort tap av biologisk mangfald som igjen vil vere farleg, særleg for oss menneske.

Det er då meiningslaust å plante framande artar skog på Vestlandet slik at mykje biologisk mangfald vil gå tapt. Sjølv planting av gran i område som ikkje har hatt grana naturleg blir biologisk og økologisk feil. Plantasjeskogen sin verknad på CO2-balansen er i beste fall sterkt omstridd. Det er rett og slett vanskeleg å finne nokon utanom skogbruksmiljøet som vil gå god for den verknaden som kystskogmeldinga er basert på. Det er heilt utruleg at nokon kan seie at eit storstila planteprosjekt frå Rogaland til Nord-Noreg kan skje utan skader på miljøet. Slik kunnskapsbakgrunn kan ein truleg berre få innan skogbruksutdanninga i Noreg.

Viss fylkesutvalet vil ta vare på biologisk mangfald og klima bør dei ikkje vedta denne saka.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Skogsveibygging og hensynet til inngrepsfrie naturområder i Norge (INON)