Dette varma!

Tidens Krav kunne i midten av juni melde at Svorka Energi og Landbrukshuset går saman om å bygge nytt fjernvarmeanlegg basert på biobrensel på Skei. Då vil ei rad verksemder få varmvatn til oppvarming, og straum- og oljeforbruket kan reduserast tilsvarande. Dette er eit godt steg i rett retning når det gjeld energibruk.

Naturvernforbundet håper dei siste bitene i puslespelet for å få dette i gang kjem på plass. Sjølv om dette prosjektet ikkje får stor lønsemd i dag, vil lønsemda på sikt bli betre. Når forureiningskostnadene blir belasta ureinar og ikkje våre etterkomarar, vil oljeforbruk koste meir. Då vil energiprisen bli høgare. Viss energiforbruket vårt aukar, vil det og føre til auka pris. Miljøvenlege energikjelder som i dag er ”litt for dyre” vil hevde seg godt når ureiningssidene ved energibruken vår blir prisa rett.

Naturvernforbundet var i november i fjor til stades på eit møte i Halsa der Svorka Energi verka etter å bruke pengar på nye energiprosjekt. Svorka Energi har søkt om å bygge ut det meste som renn av vatn i sitt område – ein utbyggingsiver ingen andre i fylket kan måle seg med – heldigvis. Bruk heller pengane på prosjekt som fjernvarmeanlegget på Skei. Det kan varme nokon kvar.

Øystein Folden Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal