Dokumentasjon av klimatiltak

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Det er ein del påstandar om skog og klima no for tida som kanskje ikkje stemmer heilt. No sist ute er stortingsrepresentant Arne L. Haugen som sit i næringskomiten for Arbeiderpartiet.

I samband med samanbrotet i forhandlingane om forlenging av miljøstandarden «Levende skog» skriv han: «I Levende Skog-forhandlingene krever miljøsiden at det ikke skal tilplantes mer enn 15 prosent av det produktive skogarealet på skogeiendommene på Vestlandet og i Nord-Norge. Likeledes kreves det at en rekke naturtyper og kommuner skal unntas fra tilplanting. Fremmede treslag over et visst antall pr. år skal man heller ikke bruke. Dette krever de uten at det vises til forskningsbasert dokumentasjon på at dette vil være uheldig».

Stortingsrepresentant Haugen er moglegvis kjent med at vi har ei miljølovgjeving her i landet. Ei relativt moderne lov som tok til å gjelde 1. juli 2009, rett før Haugen blei vald inn som vararepresentant på Stortinget sist. Eit grunnleggande prinsipp i den lovgjevinga er at føre var-prinsippet skal praktiserast. Det kan enklast forklarast med at den som ønskjer å gjere ei forandring i naturen har plikt til å dokumentere at dette ikkje er til skade. Når skogbruket no ønskjer å plante granskog der det til no har vore lauvskog, og plante t.d. sitkagran som er eit utanlandsk treslag der grana ikkje trivast, så er det skogbruket som har plikta til å legge fram dokumentasjon for at dette ikkje er til skade for naturen.

Skogbruket skal streve med å dokumentere at planting av gran der ho ikkje finst naturleg på Vestlandet og i Nord-Noreg ikkje har betydelege negative verknader på det biologiske mangfaldet. At det er greitt å plante sitkagran langs kysten vil om mogleg vere endå vanskelegare å dokumentere.

I rettspleien er det i ein del samanhengar nok med ein god grunn til mistanke for å ta hand om dei som kan ha gjort noko gale. Då får dei i alle fall ikkje gjort noko (meir) gale før saka er nærare undersøkt. Det finst i alle fall betydeleg med dokumentasjon på at planting av gran og sitkagran utanfor deira opprinnelege leveområde har såpass negativ verknad på mykje, bortsett frå skogbruket si lommebok, at det kan vere god grunn til å etterforske nærare om dette er greitt eller ikkje. Naturmangfoldloven pålegger skogbrukarane å prove at tiltaka ikkje er til skade, og slikt bør ein vente av ein stortingsrepresentant at han veit. Naturvernforbundet ser fram til at skogbruksinteressene legg fram slik dokumentasjon.

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen