Dokumentlesing for dei som har lyst

Naturvernforbundet prøver å følgje med på prosessane rundt ny E39 gjennom fylket. Akkurat no er det størst merksemd rundt strekninga Digernes til Julsundet.

Dei som vil undersøke kva som no er lagt ut finn eit dokument på 32MB om dei går inn på Ålesund kommune si postliste via lenka nedanfor.

Dokument 22/46209 – Samlede innspill til varsling av oppstart av kommunedelplan E39/E136 Brusdalen – Vestnes grense – Ålesund kommune (alesund.kommune.no)

For Naturvernforbundet sin del er det heilt greitt om mesteparten av dette veganlegget ikkje blir noko av. Tiltak som forbikøyringsfeltet som blir bygd over Ørskogfjellet no gjev derimot gode løysingar. Løysingar som er gode for kollektivtrafikken er også viktige.