DOKUMENTLISTE – HOLTAMOEN GRUSTAK

Status 23. juli 2007.

DOKUMENTLISTE – HOLTAMOEN GRUSTAK

Naturvernforbundet kan på grunnlag av dokumenta nedanfor, tilsendt frå Surnadal kommune juli 2007, oppsummere følgjande:

1. Det siste løyvet hadde som frist for attlegging av massetaket sett ein dato 31.12.2005. Vi har ikkje fått nokon dokumentasjon for massetaket etter denne dato. Massetaket blir no difor drive utan løyve etter landbrukslovgjeving og plan- og bygningslova. Det skal venteleg også ligge føre løyve frå SFT i saka, noko som ser ut til å mangle. Vidare skal Bergmesteren ha ei avslutningsplan som skal vere godkjent. Alt dette ser ut til å mangle.

2. Opplysningar frå naboar tyder på at verksemda i massetaket ikkje er avslutta, men tvert om auka den seinare tida.

3. Med totalt manglande løyve, og drift som er sjenerande for naboane, må det vere naturleg at Surnadal kommune straks stoppar verksemda i Holtamoen massetak, og syter for at alle nødvendige løyve er på plass viss det skal drivast massetak på staden. I motsett fall skal massetaket avsluttast og overførast til jordbruksdrift. I følgje fylkeslandbruksstyret sitt vedtak skal det vere avsett middel til avslutning av massetaket.

Dokumentdata

Innhald/Kommentar

Brev frå Fylkesmannen til Lars J. Holten, dagsett 1.3.1999

Løyve til utsett frist for utarbeiding av plan for istandsetjing av arealet til 31.12.1999.

Kart som vedlegg til sak 26/94

Sak nr 292/94 for fylkeslandbruksstyret, dato 23.11.1994.

Løyve til omdisponering av 45 dekar til massetak for ein periode på 10 år, til 31.12.2005, og krav om plan for istandsetjing av arealet innan 31.12.1997.

Sak nr 26/94 for landbruksnemnda, dato 19.9.1994

Tilråding om utvida drift.

Brev frå Lars J. Holten til Landbrukskontoret, dagsett 13.7.1994

Søknad om forlenging av uttaksperiode.

Brev frå naboane (?) stempla 7.1.1983 til eigar/drivar av grustaket

Om ymse nabotilhøve.

Sak 1210/82 Fylkeslandbruksstyret 16.-17.12.1982

Løyve til omdisponering av 10 dekar til massetak.

Oversendingsbrev av saka frå landbruksnemnda til bygningsrådet, dagsett 12.11.1982

Møtebok for bygningsrådet, sak 512/82

Vedtak om å sende saka over til landbruksmynde og SFT.

Brev frå naboar i Holtamoen boligfelt, dagsett 1.11.1982

Merknader til søknaden.

Møtebok frå landbruksnemnda, sak 53/82, 25.10.1982

Tilråding om opning av massetak.

Nabovarselkvittering, stempla 18.10.1982

Kart, utan dato.

Møtebok for bygningsrådet, sak 473/82

Vedtak om å krevje nabovarsling før realitetshandsaming.

Søknad om løyve til å opne grustak, dagsett 20.9.1982