Dvergslirekne

I serien om framande artar på Nordmøre har vi i dag kome fram til Dvergslirekne.

Når ein ser denne planta i ei lita potte, så ser dette ut som ei artig lita plante. Når planta har vore i eit blomebed ei stund, då ser det meir ut som eit prosjekt. Dvergslirekne Bistorta affinis er namnet. Næraste slektningen vi kjenner frå norsk natur er harerug, ei plante som finst i slåttemark, beitemark og vegkantar, ofte med biologisk ganske høg verdi. Utsjånaden er ikkje så ulik. Ormerot høyrer til i same slekta, den er kraftigare og blada er større. I same familie finn ein høymole og parkslirekne. Planter som vi veit spreier seg så det held.

Dvergslirekne kjem frå Himalaya. Det var den skotske botanikaren David Don som namnsette denne første gongen. Dermed veit vi at planta var kjent i Europa før 1841, då han døydde. Kor lenge planta kan ha vore brukt i Noreg veit eg ikkje. Forvilling i norsk natur ser ut til å vere mogleg først på 1990-talet. Det er ikkje mange funna av denne utanfor hagegjerdet, og dei som finst veit ein ikkje om er stabile.

Bistorta – er brukt om ormerot av Leonhard Fuchs i 1542. Ordet er todelt, bis tyder to gongar og tortus tyder vridd eller snudd. Det er nok detaljar med  blad og stengel dette sikter til, utan at eg veit det. Leonhard Fuchs var ein tysk botanikar og professor i medisin. Ei stor planteslekt er oppkalla etter han, Fuchsia. Affinis tyder i slekt med, og dvergslirekne er nærast som veslebror å rekne til ormerot.

Det er uvisst om dvergslirekne spreiar seg med frø, men ekspertkomiten som held på med den nye svartelista seier at planta krev meir varme. Elles er planta mattedannande og spreier seg med utløparar. Truleg kan røtene sjå temmeleg inntørka ut, og likevel vere i stand til å røte seg på nytt i ein skogkant om dei blir kasta.

Planta på biletet veks i min eigen hage. Kona likar planta godt, eg er samd i at planta er fin, men ser for meg at denne blir trøblete og representerer mykje arbeid den dagen ein vil bli kvitt planta. Så får vi sjå korleis det går. Når ein art skal vurderast for svartelista, må ein vite at arten kan formeire seg på ein eller annan måte. Det er tilfelle for dvergslirekne. Ein annan føresetnad er at planta gjer skade på den staden ho har spreidd seg til. For dvergslirekne har ein ikkje sett nokon slik skade til no, men det er lett å tenkje seg at det kan bli eit problem, då planta verkar å vere lite nøye på det som ikkje har med temperatur å gjere.

Risikovurdering

Dvergslirekne har ikkje fått risikoen vurdert så langt, verken i 2012 eller i det nye forslaget no. Kjem sannsynlegvis ikkje til å etablere seg i norsk natur dei neste femti år, seier nemnte ekspertkomite. Eg trur dei bommer på denne.