E136 Breivika -Digernes

Ny veg for nye behov. Meir kollektivtrafikk og mindre biltrafikk er det som er viktigast.

Er det her tale om ny veg som følgje av ei viss trafikkmengde, eller vil det bli ei viss trafikkmengde som følgje av ny veg?

Kva skal ein ta omsyn til? Kva skal ein rekne på? Naturvernforbundet legg inn eit ord for gode kollektivløysingar og mindre trafikk.

Dessutan har ein no lagt planar for heile strekninga mellom Ålesund og Molde, og då er det behov for å vurdere verknader av heile vegprosjektet.

Fråsegna frå Naturvernforbundet kan du lese her.