E39 Ørskogfjellet: Eit gufs frå fortida

Fråsegn frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal til Statens vegvesen.

I samarbeid med Vestnes kommune ønskjer Statens vegvesen å utarbeide ein detaljreguleringsplan for E39 Ørskogfjellet-Vik.

Generelt meiner Naturvernforbundet at dette vegprosjektet er svar på eit spørsmål frå fortida. Når ein ser framover, må det til andre løysingar. Same kva som skal vere drivstoff på bilane i framtida, så vil det vere nødvendig å transportere mindre. Det vil bli færre bilar som køyrer sjeldnare og dei må bruke mindre drivstoff.

Større bu- og arbeidsmarknadsregion har ei tid representert noko som er rekna som positivt. I framtida vil verksemder og samfunn som har mindre behov for stadig kontakt over litt avstand vere ein fordel, og då er ikkje kortare køyretid nokon fordel når avstanden er så lang som han er mellom Ålesund og Molde. Digitale løysingar erstattar truleg reising, noko som gir vesentleg større bu- og arbeidsmarknadsregionar utan stor nedbygging av natur.

Arealbruk vil i framtida koste meir. Dyrka jord som går med vil måtte føre til kompenserande tiltak. Det må til ein grunnleggande strategi med arealnøytralitet ved at ein legg nye inngrep til areal som alt har inngrep, og at ein restaurerer nedlagde vegstrekningar tilbake til natur.

Ikkje minst må ein tenkje nytt om myr, slik at myrområde framleis kan ha sin funksjon. Myr har stor innverknad for overvasshandsaming, for klima og for biologisk mangfald.

Naturvernforbundet har tidlegare tilrådd at det blir bygd krabbefelt langs noverande veg over Ørskogfjellet, for betre framkome. Vidare er 4 elektrisk drivne ferjer over Moldefjorden (med ei femte reserveferje) ei god løysing. Dermed er der ikkje noko behov som treng løysing i form av heilt ny veg anna enn på korte strekningar.

Naturvernforbundet peikar i si fråsegn også på at det ikkje er lagt opp til å gjennomføre ei vurdering av alternativet til å byggje ny veg. Dette er i strid med statlige planretningslinjer for samordnet bolig-, areal- og transportplanlegging.

I tillegg har Naturvernforbundet ei rekke krav som må vere oppfylt dersom planarbeidet skal halde fram.