Ei god vassdragshending?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Den første veka i mai var oppmuntrande for dei som er glade i vilt vatn. Då kom konsesjonssøknaden frå Skinvik Kraftverk As, der dei søkjar om utbygging av Skinvikelva i Austefjorden i Volda. Der er det tale om å bygge ut nedste delen av vassdraget under den flotte fossen, og la den øvste og klart mest verdifulle delen av vassdraget ligge urørt. Så er det nokon som har magemål også i slike saker. Det er hyggeleg å kunne gje støtte til eit slikt prosjekt, der grunneigarane får nytta ein del av ressursane samstundes som viktige naturverdiar kjem alle til gode i vill tilstand.

Men så blei ikkje nyhenda så god likevel!

Frå Volda kom det dårleg nytt med omsyn til Skinvikelva. Søknaden blei trekt og det blei søkt om inntak høgare opp, dvs. at nedste fossen også skal leggast i røyr. Då er det verken tale om magemål eller grunn til å sende takk. Denne søknaden må vi berre rå til blir avslått.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte Naturvernforbundets arbeid for bevaring av vassdraga våre