Ei oppleving til jul?

Lesarinnlegg frå Naturververnforbundet i Møre og Romsdal

Ei oppleving til jul?

Det er for seint for nokre, men ikkje for alle. Dei som alt har kjøpt alle julegåvene kan slutte å lese viss dei ikkje alt har byrja planlegginga for jula om eit år.

Det er ikkje nødvendig å gå innom butikkane ein gong for å spørje seg om vi treng alle desse tinga nokon vil selje oss. Blir vi lukkelege av dei? Er det bra for andre i verda om eg kjøper dei?

Det finst mange som har alt frå før. Men det er likevel fullt mogleg å gje dei noko til jul. Kvifor ikkje lage eit kort med middagsinnbyding til nyåret. Det kan vere både hyggeleg og nyttig, og kortet treng ikkje plass på peishylla. Det treng ikkje vere noko sjeldsynt at det skjer, og då kan ein jo heller fyre med kortet når middagen er over.

Naturvernforbundet veit ikkje så nøye om drosjenæringa har gåvekort til sals. Men det finst i alle fall dei som gjerne ville tatt i mot eit gåvekort på nokre drosjeturar i nabolaget når dei ikkje får til å ta bussen lenger.

Unge håpefulle som har konstant pengemangel har også sjansen. Eit gåvekort til dei heime med 5 timar på veggen med målarkosten til sommaren blir tatt vel imot. Finst det nokre kroner, så kan jo ei oppleving gjere nytta. Ei innbyding til ein handballkamp eller ei kinoframsyning kan bli ei fin sosial oppleving.

Naturvernforbundet har også sine tilbod. Går du inn på www.naturvern.no finn du oppskrifta på gåvemedlemsskap i Naturvernforbundet. Då vil både nye medlemmer, Naturvernforbundet og dei som druknar av søppel og klimautslepp bli glade. Avsendaren på ”pakkelappen” kan og glede seg over å ha gjort noko nyttig og godt.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal