Ei potet på reise

Leserinnlegg om kortreist mat.

Ei potet på reise

Har du sett på potetposen kor han kjem frå? Som alt anna no for tida så må ting vere stort for at det skal løne seg. Det tyder at svært mange poteter må innom eit potetpakkeri i Solør (Hvebergsmoen) eller i Trøndelag (Frosta).

Den poteten som ligg på min tallerken kan vere fødd i Eidskog. Etter mange rundar gjennom potetopptaksmaskina har han hamna på eit kjølelager i ein av nabokommunane. Så går turen til Hvebergsmoen for pakking. Neste stopp er engroslageret, t.d. i Trondheim. Så er det ut på tur igjen til butikken din og min, før det blir siste reis heim til deg og meg. Mellom engroslageret og butikken kan det vere han passerer poteter som reiser i den andre retninga, på veg til Trøndelag.

Når ein tenkjer på korleis det var før, der svært mange kjøpte ein sekk hos bonden som hadde dyrka poteten, så er poteten på tallerken vår i dag reisevant.

Det er visstnok billegare at poteten reiser så langt i lag med så mange andre poteter ? og billeg mat er det viktigaste i våre dagar. Naturvernforbundet ser dette på ein annan måte. Slik transport fører til meirforbruk av drivstoff, forureining av CO2 og asfaltstøv, auka fare for trafikkulukker og auka press på utbygging av vegar. Billeg mat ? ja vel, men vi må alle betale rabatten ved auka forureining og trafikk, og summen tilseier at dei pengane vi sparar i butikken blir heller dyre.

Neste gong du kjøper potet, sjå etter kor han er pakka. I kassa kan du spørje om dei kan skaffe potet frå vårt eige fylke, gjerne så lokalt som mogleg. Når mange spør om det same, vil det bli viktigare for butikken å skaffe poteter som har kort reiseveg.

Når du først er i gong, kan du jo sjå etter kor dei andre varene kjem frå også.

Øystein Folden Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal