Ei varm helsing

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Naturgass Møre er klar for levering av gass til oppvarming i Elnesvågen sentrum. I første runde er det kommunale bygg som blir hengt på. Det blir no slått opp som godt nytt.

I ein tettstad der både Tine og Hustadmarmor har store mengde varmvatn til overs legg dei gassrøyr i vegane slik at bygningar kan varmast opp med gass i tillegg til straum.

Dette er Noreg i eit nøtteskal – kanskje dette løner seg økonomisk akkurat no, men det er i alle fall ei katastrofe å tenkje på denne måten viss vi skal ha det varmt og godt inne utan at klimakatastrofa tar oss.

Dette er det politikarar som rår over. Kva er det de gjer på politikarar?

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundets gjør for å redusere energibruk og klimaendringar